Månadsarkiv: mars 2014

Samisk forteljartradisjon og «Mannen som stoppa hurtigruta»

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Takk til alle som kom på medlemsmøte og ope foredrag om samisk forteljartradisjon. Spesielt stor takk til Lill Tove Fredriksen som gav oss ei flott innføring i kva samisk forteljartradisjon er, og kvifor han er viktig i samisk kultur. Vi fekk høyre om både personlege opplevingar, forskjellige typar forteljingar, nidvisa Elvelanden, Stallo og om noaiden som person i samisk tradisjon. Alt dette gav eit godt innblikk og utgangspunkt for framsyninga ein etterpå kunne få med seg.

Read more on Samisk forteljartradisjon og «Mannen som stoppa hurtigruta»…

Lagt inn i Arrangement | Legg att eit innspel

Samisk forteljartradisjon – Ope medlemsmøte på Hålogaland Teater

Tromsø Mållag inviterer til ei forelesning om samisk forteljartradisjon.

19. mars inviterer Tromsø Mållag til ei forelesning om samisk forteljartradisjon i Teaterkaféen på Hålogaland Teater. Lill Tove Fredriksen frå UiT vil ta oss med på ei reise gjennom den samiske forteljartradisjonen si historie. Dette blir ein fin inngang til stykket om den mystiske Johan Kaaven. Forelesninga er open for alle.

Read more on Samisk forteljartradisjon – Ope medlemsmøte på Hålogaland Teater…

Lagt inn i Arrangement | Med merkelapp | Legg att eit innspel