Samisk forteljartradisjon og «Mannen som stoppa hurtigruta»

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Takk til alle som kom på medlemsmøte og ope foredrag om samisk forteljartradisjon. Spesielt stor takk til Lill Tove Fredriksen som gav oss ei flott innføring i kva samisk forteljartradisjon er, og kvifor han er viktig i samisk kultur. Vi fekk høyre om både personlege opplevingar, forskjellige typar forteljingar, nidvisa Elvelanden, Stallo og om noaiden som person i samisk tradisjon. Alt dette gav eit godt innblikk og utgangspunkt for framsyninga ein etterpå kunne få med seg.

Det var interessant å høyre Lill Tove fortelje om kor viktig kaffikoppen er, og kva symbolsk verdi det har å setje seg ned for å ta ein kopp kaffi. Spesielt sidan kaffikanna og kaffikoppen var sentrale element i danseframsyninga «Mannen som stoppa hurtigruta». Johan Kaaven var ein karismatisk noaide, med mykje kunnskap, og som har levd vidare i forteljingane om han. Dei som fekk med seg både føredraget og framsyninga etterpå, fekk ein ekstra flott kveld. Underteikna kan fortelje at framsyninga var både spennande, nyskapande, hadde god driv og gode musikkarrangement.

(Må elles beklage at bileta ikkje er av topp kvalitet: Kameraet vart liggande att heime)

– Marie

Tilhøyrarar

Tilhøyrarar

Dette innlegget vart lagt inn i Arrangement. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *