Landsmøtet i Noregs Mållag, Gardermoen 4. – 6. april

Eg må berre seie, at dette var mitt fyrste landsmøte for Noregs Mållag. Personleg har eg lært utruleg masse om organisasjonen som eg ikkje visste frå før. Det har vore gode diskusjonar, hyggelege samtaler og nye folk å treffe på og bli kjent med.

Fredag 4.april
Fyrst fekk vi musikalske innslag frå den lokale kulturskulen. Veldig flinke elevar, som stolt viste fram sine ferdigheiter. Landsmøtet vart starta med å syngje «Nordmanden» (Mellom bakkar og berg), slik eg forstod var ein tradisjon. Ordføraren i Ullensaker heldt deretter ei tale til Landsmøtet.

Ordførar Harald Espelund

Ordførar Harald Espelund på talarstolen


Etter opninga vart det del ut ei rekke prisar:

Nynorsk barnelitteraturpris: Erna Osland for boka «Nasevis»
Nynorsk litteraturpris: Sigrun Slapgard for boka «Englestien»
Målprisen: NRK Super
Målblome: Martin Kolberg

Alle takka vel for merksemda og var glade over å få tildelt pris. Martin Kolberg held også ei forrykande tale om viktigheita av å få Grunnlova på nynorsk. Han lova møtelyden at dersom ikkje Stortinget vedtok Graver-utvalet sitt forslag den 6. mai, så kom han til å fremje kravet om Grunnlova på nynorsk ein gong til. Han fekk stor applaus for sin appell.

Martin Kolberg får Målblome av Marit Aakre Tennø

Martin Kolberg får Målblome av Marit Aakre Tennø

Marit Aakre Tennø heldt ein god leiartale, der ein fekk høyre om kva mållaget har gjort, samt alle utfordringar som har vore i året som har gått. I tillegg sa ho litt om utfordringar som ein tek med seg inn i dei neste to åra. Sentrale tema var Nynorskstafetten, situasjonen i randsonene, Odda-modellen (som var ein heit potet under heile møtet), samt opplæring av innvandrarar. Talen kan i sin heilskap lesast her: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3808 (beklager at lenka ikkje er interaktiv!)

I løpet av helga fekk vi fleire aktuelle foredrag. Det starta med Hilde Sandvik som heldt foredraget «Samanhengen mellom demokrati og nasjonalt sjølvstende» i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova og norsk sjølvstende. Det eg spesielt merkte meg ved, var §112, som gjer Grunnlova mogleg å endre, altså er ho dynamisk. Sandvik fortalte at dette var den siste av dei revolusjonære grunnlovene, og ei av dei eldste i verda som framleis er gjeldande. I hovudsak er grunna førnemnde §112. Vi var i tillegg heldige som fekk lov til å behalde Grunnlova, sidan vi gjekk rett inn i union med Sverige. Grunnlova måtte reviderast for å tilpassast unionen, og i 4. november-grunnlova er «Noreg» nemnd 40 gonger, i motsetnad til 6 i den opphavlege 17. mai-grunnlova. Det var spanande også for underteikna å få seg ei omvising i Eidsvollsbygningen saman med andre interesserte målfolk på ettermiddagen.

Målfolk i Grunnlovssalen

Målfolk i Grunnlovssalen

Laurdag 5. april
Laurdag kan seiast å vera diskusjonsdagen. Taletida måtte ved alle ordskifte kuttast, og strek vart satt allereie under første innlegg. Til å vere rimelig fersk på denne typen store arrangement, samt utan eit førebudd innlegg, kom underteikna seg ikkje opp på talarstolen. Årsmeldinga vart godkjent, men det vart ytra eit ynskje om å få ein tilstandsrapport frå kvar enkelt kommune i neste årsmelding.

Heldig den som kan ete så mykje softis og popcorn som ein lystar!

Heldig den som kan ete så mykje softis og popcorn som ein lystar!

Eli Bjørhusdal og leiar i Tromsø Mållag, Trond Trosterud, heldt så eit tankevekkjande innlegg med tema «Ein språkpolitisk analyse». Eli Bjørhusdal prata mellom anna om korleis det ikkje er reguleringane i seg sjølve, men implementeringa som mållaget ikkje er nøgd med. Det er ikkje alltid like lett. Jamstellingsprinsippet sørgjer for at bokmål og nynorsk blir behandla likt. Slik blir både majoritetsspråk og minoritetsspråk sett i same bås. Dette problematiserte Bjørhusdal. Men staten har også forplikta seg til gå utover jamstellingsprinsippet, mellom anna med tanke på samisk. Der har dei lagt til rette for å auke talet på aktive samiske språkbrukarar. Treng vi tilsvarande mekanismar for nynorsk? Bør nynorsk også få ei særstilling som eit «minoritetsspråk»? Dette var opne spørsmål Bjørhusdal ville få folk til å tenkje over. Trond Trosterud heldt eit kvasst innlegg, med sterke formuleringar og kontrastar. Han slo eit slag for at jamstelling ikkje nødvendigvis er det vi ynskjer og det vi vil ha. Noreg er «eit land med 4 millionar sosiolingvistar». Det er flott, og det kan vi godt ha. Men jamstelling av nynorsk og bokmål i skulen er kanskje ikkje rett? «Bokmålselevar treng nynorsk for å bli gode i norsk» og «Nynorskelevar treng nynorsk for å lære morsmålet sitt». Fleire gode poeng som ein kan tenkje over.

Trond Trosterud

Trond Trosterud

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal

Av dei ordinære sakene, var det arbeidsprogrammet som fekk aller flest personar opp på talarstolen. Det var tydeleg noko som fleire hadde innspel til. Det er også viktig, sidan det er eit arbeidsprogram som skal gjelde for nye fire år. Troms og Finnmark mållag leverte inn tre framlegg, som alle vart vedteke og innlemma i arbeidsprogrammet ved røystinga siste dagen.

Festmiddagen på kvelden vart opna av jazzbandet Baker Hansen, som syng songar etter Chet Baker omsett til norsk. Under middagen vart Hans Olav Tungesvik utnemnd til heidersmedlem i mållaget til stor applaus og jubel!

Baker Hansen

Baker Hansen

Salen

Salen

Hans Olav Tungesvik, nyutnemd heidersmedlem

Hans Olav Tungesvik, nyutnemd heidersmedlem

Sundag 6. april
Det var duka for tre forskjellige seminar denne dagen. Trond Trosterud prata om korleis ein kan bidra til Wikipedia, Ragnfrid Trohaug prata om nynorsk barnelitteratur og Steinulf Tungesvik prata om ny organisering av Noreg (altså kommunesamanslåing). Det var stort engasjement på alle seminara, og dei fleste ville nok helst hatt lengre tid til å diskutere og lære. Eg kan ikkje seie noko om alle tre seminara her, då eg berre, av praktiske årsakar, kunne delta på eitt av dei førnemnde.

Steinulf Tungesvik heldt eit langt føredrag om den nye organiseringa, korleis ein kan samanlikne seg med Finland og Danmark, og korleis målrørsla burde te seg. Han meinte at det var unødvendig med samanslåing av kommunane i Noreg, og at dei fleste av desse var store nok, både med tanke på innbyggjarar og areal. Det vart mykje snakk om samanhengen mellom sentrum og periferi, og korleis ei sentralisering kan slå negativt ut for nynorsken. I diskusjonen etterpå vart det snakk om moglegheita for å skape større nynorskkommunar, at ein burde hindre samanslåing, og korleis denne prosessen mest sannsynleg ikkje kan stoppast, og korleis ein då kan sjå moglegheitene til å påverka framfor moglege problem.

Seminar med Steinulf Tungesvik

Seminar med Steinulf Tungesvik

Resten av dagen gjekk med til vedteking av fråsegner, arbeidsprogram og økonomisaker. Det var stort sett eit samrøystes landsmøte som vedtok dei forskjellige tillegga og endringane. Enkelte framlegg var salen litt splitta i, men stort sett var møtet einige om dei store linene.

Røysting

Røysting

Dei framlegga med størst verdi for Troms og Finnmark, var framlegget de her ser bilete av. Det gjev litt meir fokus på Nord-Noreg, noko som er bra. I tillegg vart det både for 2015 og 2016 løyva 50 000 kroner til å fortsetje Nynorskstafetten, med eit halvvegs løfte om at Nord-Noreg då blir prioritert reiseområde.

Framlegg frå Troms og Finnmark Mållag

Framlegg frå Troms og Finnmark Mållag

Dagen og landsmøtet vart avslutta med val. Det nye styret for dei neste to åra ser slik ut:

Marit Aakre Tennø – Leiar
Sigbjørn Hjelmbrekke – Nestleiar

Styremedlemer:
Janne Nygård
Ingrid Fiskaa
Haakon Aase
Emil André Erstad
Karl Peder Mork (NMU)

Varamedlemer:
1. Bodil Vinjevoll
2. Randi Lohndal Frestad
3. Helga Hjetland
4. Øyvind Fenne
• Kristofer Stavseng (NMU)
• Synnøve Marie Sætre (NMU)

Den nye valnemda ser slik ut:

Steinulf Tungesvik – Leiar
Magni Hjertenes Flyum
Astrid Olsen
Mats Kvaløy-Bjørbekk
Synnøve Marie Sætre (NMU)

Vara:
1. Sveinung Rotevatn
2. Øystein Vangsnes
3. Aud Søyland
• Jorunn Simonsen Thingnes (NMU)
• Ingrid Hovstad (NMU)

Vel tilbake i Tromsø, og no er det berre å setje i gang med å få realisert det nye arbeidsprogrammet!

– Marie

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *