Grunnlova og språk – medlemsmøte før jul

På grunn av feriemodus vart det ikkje rapportert noko om det flotte føredraget Tove Bull heldt for eit lydhørt og eksklusivt publikum før jul. Då er det godt ein kan gjera det i det nye året.
IMGP8710

Det var ikkje mange som møtte opp til medlemsmøtet før jul. Det kan meldast om berre tre frammøtte. Men desse tre fekk mykje att for å ta seg tid til å høyre på Tove Bull. Sjølv hadde eg høyrt henne prate om same tema under laurdagsuniversitetet, men kunne merke at mykje hadde modna sidan den gong. Det var eit djupare føredrag vi fekk på medlemsmøtet. Tove Bull kunne fortelje om kva språk Grunnlova vart skrive på i 1814, forskjellen mellom 17.mai-Grunnlova og 4.november-Grunnlova, og kva desse to sa om språk og på kva måte språk var lovfesta i Grunnlova frå den tida. I tillegg fekk vi eit innblikk i korleis dette har endra seg og kva prosessar som var i gang ved utforminga av den nye Grunnlova Stortinget vedtok i mai 2014, på både bokmål og nynorsk.

IMGP8703 - Tove Bull om språket i Grunnlova

Mellom anna vart det peika på at det først var i 4.november-Grunnlova det vart viktig å verne om språket, mykje for å hindre overstyring frå den nye unionspartnaren Sverige. I § 47 står det: «Det bør være en ufravigelig Regel, at den umyndige Konge gives tilstrækkelig Underviisning i det Norske Sprog.» (frå Wikipedia). Det er mellom anna ein av dei nye paragrafane i 4.november-Grunnlova. Noko av det publikum synest var mest interessant var i samband med den nye Grunnlova vi fekk i 2014. Der er samisk språk grunnlovsfesta, som ein paragraf under underoverskrifta «Menneskerettar» saman med fleire ålmenne menneskerettar. Det var interessant å diskutere kva tyding dette at samisk språk ligg innnunder «Menneskerettar» har, både for samisk språk, andre minoritetsspråk og norsk språk i landet vårt.

IMGP8709

På tross av lite folk så var det eit flott medlemsmøte.

Dette innlegget vart lagt inn i Arrangement. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *