Innkalling til årsmøte i Tromsø mållag

Styret i Tromsø mållag kallar med dette inn til årsmøte.
Tid: onsdag 18. februar kl. 19.00
Stad: Tårnrommet på Institutt for historie og religion,
Breiviklia på («den blå siloen») UiT

Saksliste:

1 Val av møteleiar og skrivar
2 Godkjenning av innkalling og saksliste
3 Årsmelding og Reknskap
4 Val
5 Arbeidsplan og budsjett for 2014
6 Innkomne saker

Kaffi og slikt

Deretter held Marie Nystuen Berger føredrag:
Sjørøvarar i dansk-norske farvatn

Medlemmer som har saker dei vil ta opp på årsmøtet kan sende dei til trond.trosterud@uit.no innan 9.2.

Sakspapir til årsmøtet blir sendt ut ca. ei veke før årsmøtet til alle vi har e-postadressa til. Er du usikker på om du står på e-postlista? Send ein e-post til Trond på førnemnde e-postadresse, så vert du inkludert.

Med helsing, styret.

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *