Pressemelding om valfritt sidemål

Pressemelding sendt ut i samband med vedtaket i kommunestyret i Tromsø om å søke om ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen:

Sidemålsundervisning for alle!

Kommunestyret i Tromsø kommune vedtok 25. mars å søkje om ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen. Hovudproblemet med forslaget frå Isabell Pettersen Vikan (H) er argumentasjonen bak: det skal hjelpe særleg dei elevane som slit i hovudmålet sitt. Desse elevane har alt vore på skulen i sju år før dei byrjar med sidemålsundervisning. Så det blir altfor enkelt å seie at det er sidemålet som er den store bøygen, og dermed ei altfor enkel løysing å fjerne dei skriftlege krava i sidemålsundervisninga. For å ta på alvor dei utfordringane som denne gruppa har er politikarane og elevorganisasjonane nøydd til å ta tak i språkopplæringa i sin heilskap. Dette er noko Tromsø mållag absolutt kan stille seg bak: Me ynskjer generelt god språkopplæring, og særskilt når det kjem til sidemål og nynorsk.

– Med utgangspunkt i den forskingsrapporten Isabell Pettersen Vikan syner til, som er basert på prøveordninga med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen i Oslo, er det nært opp mot umogleg å argumentere for at valfritt sidemål styrkar språkferdigheitene til elevane eller statusen til sidemål og nynorsk. Kvifor trur Isabell Pettersen Vikan og eit fleirtal i kommunestyret at det vil vera annleis i ungdomsskulen i Tromsø? Spør styremedlem i Tromsø mållag Åsne Ø. Høgetveit

– Det held mest å ta ein kikk på kapitteloverskriftene i konklusjonen for å forstå at forsøket i Osloskulen ikkje er eit eksempel å fylgje: “Forsøket har ikke hatt effekter på elevenes leseferdigheter” og “Elevene i forsøket presterte totalt sett litt svakere enn elevene som ikke var med i forsøket”, held Høgetveit fram.

Politikarar og elevar i Tromsø kommune bør heller sjå til forsking mellom anna frå NTNU og UiT NAU som syner at tospråklegheit og sidemål er ein styrke for elevane, og arbeide for styrkt sidemålsundervisning for Tromsøelevane.

Dette innlegget vart lagt inn i Uncategorized. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *