Kategoriarkiv: Arrangement

Grunnlova og språk – medlemsmøte før jul

På grunn av feriemodus vart det ikkje rapportert noko om det flotte føredraget Tove Bull heldt for eit lydhørt og eksklusivt publikum før jul. Då er det godt ein kan gjera det i det nye året.
IMGP8710

Read more on Grunnlova og språk – medlemsmøte før jul…

Lagt inn i Arrangement | Legg att eit innspel

Grunnlova og språk

Medlemsmøte i Tromsø mållag:

Grunnlova og språk, ved professor Tove Bull.

Tid og stad:
Torsdag 11.12. kl 19.00
Universitetet, HSL, Fløy E, rom E0105

I høve grunnlovsjubiléet har Tove Bull lese grunnlova, og i føredraget
sitt ser ho nærare på språket i grunnlova, og på kva grunnlova har å
seie om språk, og kva konsekvensar det har fått for norsk språkpoltikk.

Read more on Grunnlova og språk…

Lagt inn i Arrangement, Uncategorized | Legg att eit innspel

Gudsteneste med nynorsk liturgi i Elverhøy kyrkje

Førstkommande søndag, 28.09.2014, vert det gudsteneste med nynorsk liturgi. Gudstenesta er vorte til i samarbeid med Nynorsklaget. Liv Ingebrigtsen frå Nynorsklaget er tekstlesar under gudstenesta, og representantar frå Tromsø Mållag står for kake og kaffi til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Kari Nergård er prest. Vi gler oss til ei flott gudsteneste! Vel møtt til gudsteneste!

Read more on Gudsteneste med nynorsk liturgi i Elverhøy kyrkje…

Lagt inn i Arrangement | Legg att eit innspel

Samisk forteljartradisjon og «Mannen som stoppa hurtigruta»

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Lill Tove Fredriksen held føredrag om samisk forteljartradisjon

Takk til alle som kom på medlemsmøte og ope foredrag om samisk forteljartradisjon. Spesielt stor takk til Lill Tove Fredriksen som gav oss ei flott innføring i kva samisk forteljartradisjon er, og kvifor han er viktig i samisk kultur. Vi fekk høyre om både personlege opplevingar, forskjellige typar forteljingar, nidvisa Elvelanden, Stallo og om noaiden som person i samisk tradisjon. Alt dette gav eit godt innblikk og utgangspunkt for framsyninga ein etterpå kunne få med seg.

Read more on Samisk forteljartradisjon og «Mannen som stoppa hurtigruta»…

Lagt inn i Arrangement | Legg att eit innspel

Samisk forteljartradisjon – Ope medlemsmøte på Hålogaland Teater

Tromsø Mållag inviterer til ei forelesning om samisk forteljartradisjon.

19. mars inviterer Tromsø Mållag til ei forelesning om samisk forteljartradisjon i Teaterkaféen på Hålogaland Teater. Lill Tove Fredriksen frå UiT vil ta oss med på ei reise gjennom den samiske forteljartradisjonen si historie. Dette blir ein fin inngang til stykket om den mystiske Johan Kaaven. Forelesninga er open for alle.

Read more on Samisk forteljartradisjon – Ope medlemsmøte på Hålogaland Teater…

Lagt inn i Arrangement | Med merkelapp | Legg att eit innspel