Kategoriarkiv: Uncategorized

Oppdatert informasjon på fjesboka

Kjære alle dykk som gjerne vil følgje med på aktiviteten til Tromsø mållag.

I det siste har vi nytta oss mykje meir av fjesboksida vår. Den er å finne her: https://www.facebook.com/Tromsomallag/

Read more on Oppdatert informasjon på fjesboka…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Gudsteneste med nynorsk liturgi

Førstkommande sundag, 19. april, vert det gudsteneste med nynorsk liturgi i Tromsø Domkirke. Gudstenesta startar kl. 11.00. Me ynskjer alle hjarteleg velkomne! Det vert kyrkjekaffi etter messa.

Tromsø Domkirke. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Tromsø Domkirke.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Read more on Gudsteneste med nynorsk liturgi…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Pressemelding om valfritt sidemål

Pressemelding sendt ut i samband med vedtaket i kommunestyret i Tromsø om å søke om ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen:

Sidemålsundervisning for alle!

Kommunestyret i Tromsø kommune vedtok 25. mars å søkje om ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen. Hovudproblemet med forslaget frå Isabell Pettersen Vikan (H) er argumentasjonen bak: det skal hjelpe særleg dei elevane som slit i hovudmålet sitt. Desse elevane har alt vore på skulen i sju år før dei byrjar med sidemålsundervisning. Så det blir altfor enkelt å seie at det er sidemålet som er den store bøygen, og dermed ei altfor enkel løysing å fjerne dei skriftlege krava i sidemålsundervisninga. For å ta på alvor dei utfordringane som denne gruppa har er politikarane og elevorganisasjonane nøydd til å ta tak i språkopplæringa i sin heilskap. Dette er noko Tromsø mållag absolutt kan stille seg bak: Me ynskjer generelt god språkopplæring, og særskilt når det kjem til sidemål og nynorsk.

Read more on Pressemelding om valfritt sidemål…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Innkalling til årsmøte i Tromsø mållag

Styret i Tromsø mållag kallar med dette inn til årsmøte.
Tid: onsdag 18. februar kl. 19.00
Stad: Tårnrommet på Institutt for historie og religion,
Breiviklia på («den blå siloen») UiT

Saksliste:

Read more on Innkalling til årsmøte i Tromsø mållag…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Grunnlova og språk

Medlemsmøte i Tromsø mållag:

Grunnlova og språk, ved professor Tove Bull.

Tid og stad:
Torsdag 11.12. kl 19.00
Universitetet, HSL, Fløy E, rom E0105

I høve grunnlovsjubiléet har Tove Bull lese grunnlova, og i føredraget
sitt ser ho nærare på språket i grunnlova, og på kva grunnlova har å
seie om språk, og kva konsekvensar det har fått for norsk språkpoltikk.

Read more on Grunnlova og språk…

Lagt inn i Arrangement, Uncategorized | Legg att eit innspel

Landsmøtet i Noregs Mållag, Gardermoen 4. – 6. april

Eg må berre seie, at dette var mitt fyrste landsmøte for Noregs Mållag. Personleg har eg lært utruleg masse om organisasjonen som eg ikkje visste frå før. Det har vore gode diskusjonar, hyggelege samtaler og nye folk å treffe på og bli kjent med.

Read more on Landsmøtet i Noregs Mållag, Gardermoen 4. – 6. april…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Nordnorsk barnesonghefte

barnesongI dag lanserte Tromsø mållag eit nordnorsk barnesonghefte. Målet er at ungane våre skal kunne lære og bruke nordnorske songar på dialekt i barnehage og skole. Du kan laste ned heftet her.

Read more on Nordnorsk barnesonghefte…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Ope føredrag og årsmøte 2013

Tid: Tysdag 12. februar 2013, kl. 18.30
Stad: Tromsø bibliotek og byarkiv

Tromsø mållag ønskjer velkommen til eit ope føredrag ved stipendiat Åse Mette Johansen (UiT) med tittelen

Minoritetsspråk og lingvistiske landskap i Tromsø – ein gaida tur gjennom storm og stille

Read more on Ope føredrag og årsmøte 2013…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Fylkessamling våren 2012

Nettsideseminar og vitjing frå skrivarstova

Tid: Laurdag 14. april 2012, kl. 10.00 – 15.00
Stad: Universitetet i Tromsø, rom E.0103 i underetasjen i E-fløya på HSL-fakultetet i Breivika
Emne: Nettsideprosjektet «Nynorsk i Tromsø/Nord-Noreg» og orientering om Språkåret 2013
Påmelding: For at vi skal vita omtrent kor mange vi skal koka kaffi og ha mat til, ber vi om at deltakarar melder seg på innan onsdag 11. april til Øystein A. Vangsnes (anten på e-post eller sms/telefon 99250658).

Read more on Fylkessamling våren 2012…

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel