Nordnorsk barnesonghefte

barnesongI dag lanserte Tromsø mållag eit nordnorsk barnesonghefte. Målet er at ungane våre skal kunne lære og bruke nordnorske songar på dialekt i barnehage og skole. Du kan laste ned heftet her.

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Ope føredrag og årsmøte 2013

Tid: Tysdag 12. februar 2013, kl. 18.30
Stad: Tromsø bibliotek og byarkiv

Tromsø mållag ønskjer velkommen til eit ope føredrag ved stipendiat Åse Mette Johansen (UiT) med tittelen

Minoritetsspråk og lingvistiske landskap i Tromsø – ein gaida tur gjennom storm og stille

Etter føredraget blir det årsmøte for nye og gamle medlemmer med følgjande sakliste:

  1. Val av møteleiar og skrivar
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Val av leiar, eitt styremedlem, to varafolk til styret, revisor, valnemnd, utsendingar til fylkesårsmøtet, utsendingar til landsmøtet i Ørsta 19.-21. april
  6. Arbeidsplan og budsjett for 2013
  7. Orientering om Tromsø mållags barnesonghefte
  8. Språkåret 2013
  9. Innkomne saker

Medlemmer blir bedne om å melde inn saker til leiar Øystein A. Vangsnes (tlf. 99250658). Innspel til valnemnda kan sendast til leiaren Olav Skare (tlf. 48049481).

Det blir enkel servering.

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel

Fylkessamling våren 2012

Nettsideseminar og vitjing frå skrivarstova

Tid: Laurdag 14. april 2012, kl. 10.00 – 15.00
Stad: Universitetet i Tromsø, rom E.0103 i underetasjen i E-fløya på HSL-fakultetet i Breivika
Emne: Nettsideprosjektet «Nynorsk i Tromsø/Nord-Noreg» og orientering om Språkåret 2013
Påmelding: For at vi skal vita omtrent kor mange vi skal koka kaffi og ha mat til, ber vi om at deltakarar melder seg på innan onsdag 11. april til Øystein A. Vangsnes (anten på e-post eller sms/telefon 99250658).

Program

(med atterhald om endringar)

10.00-10.30:
Frammøte og drøs med kaffi og anna
10.30-11.00:
Jens Kihl orienterer om Noregs Mållags planar for Språkåret 2013
11.00-11.45:
Magne Heide gir eit historisk oversyn over nynorsk i Troms
11.45-12.15:
Pause med formiddagsmat
12.15.-13.00:
Trond Trosterud gir ei innføring i artikkelskriving på Wikipedia
13.00-14.30:
Praktisk øving i skriving på Wikipedia
14.30-15.00:
Avslutning

Bakgrunn

I 2008 fekk Tromsø mållag ei løyving frå Sandefjord og Sandar Mållags legat til eit prosjekt som tok sikte på å utvikla nettsider som kan vera ein informasjon- og dokumentasjonskanal for nynorsk i Tromsø, særleg retta mot skuleelevar, lærar og lagsmedlemmer i Tromsø. Gjennomføringa av prosjektet har drege ut i tid på grunn av uklare tilhøve rundt teknisk løysing, men styret, med godkjenning frå årsmøtet, har no landa på at det er mest føremålstenleg å utvikla slike sider som ein portal i nynorsk-Wikipediaen. Samtidig er det eit ønskje om å sjå prosjektet som ei vidare satsing på dokumentasjon av nynorsk i Troms og Nord-Noreg allment, og atter vidare enn det, som ei satsing på å få skrive meir om Nord-Noreg på nynorsk. På bakgrunn av det siste vert nettsideprosjektet no tema for ei fylkessamling i Troms og Finnmark fylkesmållag.

Den opphavlege søknaden til Sandefjord og Sandar Mållags legat kan lastast ned her.

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel