TROMSØ MÅLLAG GJENNOM 25 ÅR - 1954-1979

Tone: Min gode fagre barneheim

Kvart hundre år har gått sin gang
for laget vårt, ei tid
med strid og arbeid, smil og sang,
og enno fram det skrid

I nittenfemtifire kom
det saman kvinner, menn
på Kaffistova, skipa til
på ny eit lag igjen.

Ja, Tromsø Mållag levde før
og var eit gamalt lag.
Det blei lagt ned då krigen kom,
og gløymdest dag for dag.

Arkiv og møtebok kom vekk,
då Kaffistova brann,
og laget gjekk av soga ut.
Det nye kom i stand.

Vi heidrar dei som levde før
og tok eit felles tak
for folkemål på heimleg grunn,
og trudde på si sak.

Vi takkar dei som føre gjekk
og rydde veg og sti.
No lysnar det, ein vårleg bekk
i tanken renn forbi.

Vårt mållag atter gjenreist stod,
og tida gjekk sin gang.
Det skulle veksa fram og gro
frå vinterdvalen lang.

Må vi gå fram med same dug,
om ei med brask og bram,
men nøre elden i vår hug
og bere målet fram.

H.O.


Trond Trosterud
Last modified: Thu Jan 10 08:11:41 2008