TROMSØ MÅLLAG 1954
- 2004
-
Eit
oversyn over framveksten av mållagsarbeid i Tromsø
-
og
arbeidet i Tromsø mållag dei siste
50 åra
-
(laga til jubileums-festmøtet 08.12.04,
av Bjørnar Østgård)
Det finst
ikkje møtebøker eller skriftlige notat frå dei første åra då Tromsø mållag var i drift. Herolv
Olsen meiner at alt av møtebøker m.v. var lagra i eit skap på Kaffistova, og
dette blei borte i den store bybrannen i 1969.
Fleire
påstår at det var eit Tromsø mållag før siste verdskrigen. Men denne påstanden har vore vanskelig
å late seg verifisere. Men eg fann
06.12.04 eit notat på Statsarkivet, og der er det opplyst at Tromsø mållag
blei skipa i november 1927 (Sjå vedlegg). Nazi-styret under krigen gjorde lagsarbeid vanskelig, og kanskje blei Tromsø mållag lagt ned under krigen liksom Troms fylkesmållag blei lagt ned? Til no har eg ikkje funne
opplysningar om kor lenge det første Tromsø mållag var i full
drift. Heller ikkje opplysningar om aktiviteten.
Lars Berg
starta Hålogaland lærarmållag i 1932 (iflg. Aud Kirsti Pedersen). Og brevjournalane på Statsarkivet etter
Haalogaland maalkontor viser ein fantastisk innsats i 1920- og -30-åra.
Under
siste verdskrigen vart nesten alt av lagsverksemd lagt i dvale, og ungdomslag,
mållag osv. måtte etter krigen skipast på nytt. Opplysningane vidare i første delen av dette notatet
fortel om arbeidet for å få
mållagsarbeidet i gang att etter 1945.
Etter som
vi ikkje finn arkivmateriale for Tromsø mållag, må vi nøye oss med små glimt
frå andre arkiv om arbeidet i Tromsø mållag.
Ved
Tromsø lærarskole fanst mållaget "Heimhug", og vi veit at det
blei lagt ned før krigen, for di i møtebok frå dette laget står i referat
frå medlemsmøte 16.11.46: "Laget har lege nede i 10-12 år". "Heimhug" vart nyskipa 16.11.46 etter førebuingsmøte 19.10.46.
8-9 elevar møtte på skipingsmøtet. Det var god aktivitet i laget i 1947/48, men
liten oppslutnad om lagsmøta. M.a. skipa Heimhug underhaldningskveld på
"Arbeiderforeningen" 28.01.48. Det blei slik suksess at dei heldt han på nytt
31.01 og 01.02. Billettpris 2 kr og 3 kr. "Programformann Trygve Eidnes
seier m.a. i festskriftet at arbeidet til laget for dette året er meir verdt
"utetter" enn "innetter".
Heimhug
hadde 50-årsdag 14.04.48, men feiringa blei utsett 30.10 og endra til 13.11.48.
"Heimhug"
var altså starta alt i 1898.
Om
målstoda etter siste verdskrig står m.a i møteboka for Heimhug:
8.2.47:
"tek ein talet på skulekrinsar, har nynorsken overvekt, men tek ein talet på
elevane, er det berre 1/3 som lærer nynorsk, medan 2/3 lærer bokmål".
8.10.49:
"..det var fleire skulekrinsar som hadde gått over til bokmål siste tida."
1949 62
medlemmer. 1950 omtala som eit dårlig arbeidsår, 29 medlemmer.
1952 39
medlemmer. Årsmøte 6.6.52 avlyst, for få møtte fram. Våren 1954: "Mange har
tala for å leggje ned mållaget.
Men sjølve det at det finst eit mållag, har stort psykologisk verde."
Møteboka for "Heimhug" som ligg på Statsarkivet,
går frå 1946 og sluttar i 1958. Det kan sjå ut til at laget då blei lagt
ned/gjekk i oppløysning, for det er fleire blanke sider i protokollen.
B. Utdrag frå møteboka for Troms fylkesmållag:
Diktaren og læraren Lars Berg gjorde opptak til eit målting i Tromsø i 1947.
Han skriv i møteboka at han samrådde seg med rektor Olav Løkse, Troms landsgymnas, då i Bardu, rektor Riksheim, Tromsø gymnas, rektor P
Benum, Tromsø lærarskole, tilsynslærar Peder Skånland, lektor Toralf Lunde, Tromsø
lærarskole, og skolestyrar Carl Juliussen, Tromsdalen barneskole. "Alle var oppglødde
for tanken", skriv Lars Berg, og fortset:." Løkse, eg og Juliussen var dei som
hadde dei fleste samrådingar." To gonger vart det kalla inn til møte, men
utsett pga. høya som kom tidlig, og varte lenge pga. regn. Møtet vart så utsett
til etter at skolen var kommen skikkelig i gang.
Måltinget
vart halde i bededagshelga på
Tromsø lærarskole. Møteboka byrjar slik:
"År 1947, 31. oktober, var målmenn frå ymse luter av Troms fylke, skulefolk
og andre, samla til møte i gymnastikksalen på lærarskulen i Tromsø. Møtet vart
opna klokka 10 av møteleidaren, lærar Lars Berg."
Referat frå dette måltinget har denne sakslista:
Sak 1
Målformene i skriftlig opplæring, innleidd av lærar Lars Berg.
M.a.
står i referatet: "Eit trykt framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke
låg
føre
på møtet." (Dette var iflg. boka "Han som gjekk først" lag av Lars Berg.
Sak 2.
Nynorsken i høgre utdanning. Innleidar var rektor Løkse.
Sak 3.
Nynorsk pressekontor. Innleidar var lektor Toralv Lunde.
Sak 4. Skiping
av fylkesmållag. Innleidar var tilsynslærar Peder Skånland
Sitat: "Fylgjande vedtak vart gjort:
En skipar oppatt Troms fylkesmållag. Samrøystes vedteke."
Lover
med 10 §-ar blei vedtekne, og styre med 5 medl.og 5 varafolk blei valt. Styret
var
sett saman av folk frå dei fleste kommunane i Midt-Troms med Olav Løkse, Bardu
som
leiar.
Møtet
heldt fram laurdag 1. nov.
Sak 6.
Drøfting av framlegg til skriftform i nynorsk for Troms fylke
Det blei
vedteke at prinsippet i den framlagde normalen skulle fylkesmållaget sende til
alle
lærarar i Troms.
Sak 7.
Resolusjon til KUD om at dei formene som er tillatne i skriftlig arbeid i
skolen, også
må
bli ein del av læreboknormalen.
Sak 8.
Resolusjon til KUD om opplæringsmålet i småskulen med krav om at
opplæringsmålet
både i bokmål og nynorsk i småskulen skal leggast nær talemålet|
Sak
9. Resolusjon til "det vyrde
Dept." med krav om å gje føresegner slik at "dei som har
med konfirmasjonsførebuinga å gjere, nyttar eit talemål som er tillempa
etter
bygdemålet".
Sak 10.
Resolusjonar om a) målbruken i statstenesta, b) målbruken i NRK, c) målbruken i
Vervarslinga for Nord-Norge, d) fylkesmållaget fekk fullmakt til å peike ut
Pressenemnd og opprette eit nynorsk pressekontor i Troms, e) krav
om to dags-
nyttsendingar på nynorsk.
Lars Berg
fekk stor takk, og det blei uttrykt ønske om eit slikt målting kvart år. Norges
mållag løyvde 2000 kr til tiltaket, Troms ungdomsfylking 1000 kr. og BUL;
Tromsø spanderte middag på alle
deltakarane den første dagen.
Det er
ikkje sagt noko i referata om kor mange som deltok. Men det er tvillaust at
dette var ei storsamling frå heile
Troms av entusiastar for nynorsk, og
som ˆ¾g hadde enormt mykje kunnskap om språk. Det er trulig den største målsamlinga i Nord-Noreg når ein ser bort frå at landsmøta i
Norges mållag har vore lagt hit.
Lokale
mållag måtte skipast, for ingen fanst i Troms etter krigen
Møteboka
for fylkesmållaget viser at Tromsø mållag ikkje fanst dei første åra etter
1947.
Til
årsmøtet i 1949 hadde berre Målselv og Heimhug mållag sendt utsendingar. I 1951
berre utsending frå Bivrost(Mållag
ved Troms landsgymnas). Årsmøtet 1952 hadde utsendingar frå Heimhug og
Bivrost(ikkje frå Målselv). Fylkesmållaget hadde då 39 enkeltmedlemmer og 3 lag
med tilsaman 96 medlemmer. Framlegg
til dette årsmøtet om skifte av namn til Tromsringen vart avvist.. Det blei
vedteke å starte "Årbok for Troms".
Årsmøtereferatet
frå 13.06.54 viser for første
gong utsending frå Tromsø og
omland mållag.
Det er
god grunn til å ha med tillegget omland i namnet, for Tromsø (by) var jo berre
ein liten enklave midt på Tromsøya.
Og det var skolar med nynorsk opplæringsmål både på Nord- og Sør-Tromsøya
utanom bygrensene.
Olav
Løkse hadde til no vore formann, men no blei styret lagt til Tromsø med Jens
Heim som leiar
Men i
referat frå styremøte seinare på hausten står ˆ¾g: "Næraste oppgåva no er å få
fylkesmållaget atterreist." Det har tydelig vore ein knekk i arbeidet i
fylkeslaget. Og Tromsø og omland mållag fekk oppgåva med å få i gang eit
nynorsk pressekontor
I
årsmøtereferatet for fylkeslaget frå 2. juli 1955 står m.a.: "Tromsø og omland mållag, som
blei skipa i 1954,
hadde 29 lagsfolk (i 1954)." 21 medlemmer i fylkesmållaget deltok på årsmøtet i
1955, og det blei vedteke at fylkesmållaget skulle prøve å få i gang eit lagsbruk(kaffistove) i Indre Troms.
Referat i
avisa "Tromsø" viser at Tromsø og omland mållag saman med Heimhug stod for
eit fellesmøte på lærarskolen 04.10.56 der skrivar Ivar Eskeland var innleiar.
I
møteboka for "Heimhug" finn vi i årsmeldinga for 1956/57 dette sporet etter
Tromsømållag: "Mållaget "Heimhug" hjelpte og til med å førebu og planleggja
reisa og møta for forfattaren Tarjei Vesaas i mars 1957. Vesaas tolka eigne
noveller og dikt først i Sparebanksalen fredag 29.mars der BUL og Tromsø og
omland mållag var arrangør."
Og i
referat frå årsmøte i "Heimhug" 19.10.57 står m.a.: "Bondeungdomslaget og
Tromsø og omland mållag, som vart innbodne, fekk ei særleg velkomsthelsing"
Referat
frå årsmøte i fylkeslaget 1964
fortel at dei då hadde som hovudsak: Skriftnormalem for Troms, og det vart vald
ei nemnd til å revidere det framlegget til nynorsk normal som vart godkjent på
måltinget i 1947. Det deltok folk frå heile fylket på dette årsmøtet. Etter 10
år fekk Jens Heim avløysing som leiar, og fylkesstyret vart flytta til
Midt-Troms med Olav Løkse som
leiar.
Arbeidet
med å få prenta Johan Hveding si Håløygsk ordsamling blei til sist drøfta, og
dette var viktigaste saka på 1. styremøtet etter årsmøtet. Det var samla inn
1200 kr til dette arbeidet, og styret i fylkesmållaget garanterte for resten av prentekostnadene, tilsaman 3000,- kr.
Styret
arbeidde vidare med å få til Årbok for Troms.
Referat
frå årsmøte i fylkesmållaget 1966
viser at Tromsø og omland mållag var representert. Kommunesamanslåinga i 1964 hadde altså enno ikkje ført til
nytt namn på mållaget i Tromsø-området. Berre Bardu og Tromsø lokallag var
representert på dette årsmøtet.
Styret
hadde valt ei nemnd som la fram på årsmøtet i 1966 innstilling til vedtak i
samband med Vogt-komiteen si innstilling. Og i den samanhengen vart denne resolusjonen vedteken:
"
Troms fylkemållag ber KUD gjere effektive tiltak for så langt råd er, å finne
fram til sams terminologi i lærebøkene i dei to skriftmåla."
Referat
frå årsmøte i fylkesmållaget 1968 viser at m.a. desse sakene blei drøfta: Årbok
for TYroms, Målkontor i Tromsø og eit målregister. "Namnekonsulent Per Hovda
heldt eit forvitneleg foredrag om utviklinga av norske stadnamn frå dei eldste
tider"(Sitat frå
møteboka.)
I
årsmeldinga for fylkeslaget 1968 lagt fram for årsmøtet 1969 er for første gong
nemnt Tromsø mållag (Utan tillegg --og omland). Det er no berre 7 direkte
innmeldte medlemmer i fylkeslaget, og 3 lag (Målselv, Bardu og Tromsø) med
tilsaman 110 medlemmer tilslutta fylkesmållaget, Elevmållaga i Finnfjordbotn og
ved lærarskolen er ikkje i funksjon, ser det ut til.. Håløygsk ordsamling er no
ferdig..
Fylkesstyret hadde fått dr. philos.
Halfrid Christiansen til i to omgangar å granske talemålet i Troms. .Arbeidet
med å få prenta dialektinnsamlingane
er framleis ikkje gjennomført pga.
pengemangel, og styret søkjer om pengar frå kulturfondet.. (Og dei er visstnok
framleis ikkje prenta i år 2004
!!!)
Årsmøte
for 1969 og-70 blei halde 26.06.71 .Løkse hadde dei siste åra bede seg friteken
frå vervet som leiar, og no fekk han avløysing. Johan Nymo. Målselv tok over
som leiar i fylkesmållaget. Lenvik mållag er kome i gang att i 1970, og det er
no 4 lag med tilsaman 112 medl.
tilslutta fylkeslaget, men berre 1 beinveges innmeldt medlem (tidl. stortingsmann
Hans Stavrand).
Fylkesstyret
si årsmelding for 1971 og 1972 viser igjen namnet Tromsø og omland mållag
Med 64
medl. i 1971 og 56 medl.Trulig var det berre ein skrivefeil i årsmeldinga for
1968. Men i 1972 er siste gongen "
og omland" er med i namnet. Eg har
ikkje funne prov for eit evt, vedtak om å endre namnet. Trulig skjedde det
berre ved ein skriveforandring? Frå
1972. blei Herolv Olsen, Tromsø vald til leiar i fylkesmållaget, og
arbeidsutvalet lagt til Tromsø med resten av styret og varafolk i Midt-Troms.
Saker som
styret arbeidde med i 1973: Nynorske salmar i kjerkene, Skiping av bygdelag
etter mønster frå Bø i Vesterålen, forfattarseminar for nordnorske forfattarar,
postbankbok på nynorsk, avisinnlegg på nynorsk, formannsmøte/kontaktmøte
regionvis i fylket, studiearbeid, brev til meir enn 100 målfolk om å bli med i
organisert mållagsarbeid.
1974: Nytt mållag, Harstad målungdom,
skipa i 1974 Målting 2.-3. nov. 1974 i Tromsø, bra oppslutning. Plan for
pressekontor i Nord-Noreg, eigen spalte i avisa "Nye Troms" starta, samarbeid
med Nordland mållag, skiping av nye lag. Til årsmøtet innkalling sendt til 4
lag og 25 enkeltmedlemmer.
På
årsmøtet på Fosshøgda gard 09.03.75 blei Kjellaug Jetne vald som ny leiar og
med sterk fornying i styret av unge Tromsø-folk. 17.06.75 vedtak i styret om å
lage Bok om målet i Nord-Noreg. Arbeidet med denne boka blei ført vidare på
neste styremøte., og søknader om økonomisk støtte blei sendt. Arbeid med å få
til eige kontor i Tromsø i samarbeid med Tromsø mållag. Studiearbeid og
skolemålsarbeid sterkt aktivisert.
Lenvik mållag oppattnya. Målungdomslag i Tromsø, Målselv, Finnsnes og Harstad.
Fast spalte i "Nye Troms" fungerer, og lokallaga blir inviterte til å bruke
spalta. På årsmøtet 04.04.76 blei Kjellaug Jetne attvald som forkvinne.
Varanger mållag skipa i 1976 med 25 medlemmer. Vedtak om møte på Sjursnes i
Ullsfjorden 11.12.76 for å danne mållag. (Møteboka seier ikkje noko om
resultat.).
Godt
arbeid i fylkeslagsstyret.
1977: Ørjan B Dahl vald som leiar på
årsmøte 17.04.77. Oppnemnt eiga seminarnemnd for Skulemålsseminar i Målselv
19.-20 november i samarbeid med Nordnorsk målungdom. Registrering av målfolk i
Troms. Brev til alle laga om halvårsapport om arbeidet i laget.Fylkesstyret har
bokført denne merknaden til rapporten frå Tromsø mållag: "Liten aktivitet.
Burde prøve å få til arrangement i lag med Målungdomen, m.a. for å få fleire
folk på møta.". Sterk aktivitet i fylkesstyret med 10-1|2 styremøte hausten
77 + møte i seminarnemnda. 45 deltakarar på skolemålsseminaret frå, men
skuffande deltaking frå vaksenmållaga. Overskott skal delast mellom
fylkesmållaget og Målungdomen. Sendt takkehelsing 1.des. til diktaren Arvid
Hansen. Skolemålsnemnda i
Tromsø mållag har laga faldaren "Skolemålet i Troms" og skipa saman med
fylkesmållaget ope møte i Tromsdalen i mai -77 for i få i gang nynorsk.klasse
der..
Balsfjord
mållag skipa 11. 06.77. I alt 151 medl. i fylkesmållaget, framgang på 13
.Årsmøte
i fylkesstyret 18.06.78.Referat frå årsmeldinga 1977 frå Tromsø mållag: "66 medl. ( 4 færre enn året før)., men
berre 13-14 kjem på møta. Mindre aktivitet i år. Bokkveld saman med BUL. Planar
om samordning av medlemsmøta i TF;TMU og TM, vonar dette vil auke oppmøtet."
I 1978
gjev fylkesmållaget ut "Meldingsbladet" -- nr. 1 i juli 1978 -
1. årgang
(Så langt
utdrag frå møteboka for Troms fylkesmållag fordi vi ikkje har funne protokollar
frå Tromsø mållag. Men frå 1979 har vi møtebøker for Tromsø mållag, og utdrag
derifrå blir i resten av dette notatet ført som samandrag
vidare her.)
1979
Leiar Herolv Olsen -- 7 styremøte, 3 lagsmøte og 1 bokkveld.
Festmøte for 25-årsjubileum for oppattskipinga av Tromsø mållag.
Brev til Sk.dir. om rett til å skipe eigne nynorsk-klassar.
Ingen villig til å vere utsending til NM --årsmøtet.
Reidun Mellem deltok for TØ. Mållag på Olsborg om oppstart av nyn.klasse
der.
1980
Leiar Herolv Olsen -- 8 styremøte, 7 lagsmøte m/ 13-27 deltakara -- 50 medlemmer.
Møtetema: Nynorskklasse, vitjing av leiaren i NM, Folkeminne frå Salten,
Folkeminne
frå Ytre
Senja, Kjartan Fløgstad-kveld, Lars Berg-kveld, bokkveld.
Nynorsk-klasse starta ved Kaldfjord skole
1981 Leiar Bjørnar Østgård -- 5 styremøte, 6
lagsmøte m/ 10 -- 35 framm. -- 59 medlemmer.
Møtetema:
Målet og mennesket, Nord-Norge i år 2000, Stadnamn som historisk
Kjelde,
Verknadene av olje og gass utanfor Nord- Norge, Skolemålsskrivaren på besøk,
Nynorsk i
1980-åra.
1982 Leiar Bjørnar Østgård. -- 5 styremøte, 5
opne møte -- 61 medl.
Møtetema:
Stadnamn, Arbeidet i jorskifteverket, Fri marknad for TV/radio eller
NRK-monopol,(debatt), Kvinnearbeid før og no, Mads Gilbert fortel frå
Libanon og
Palestina-konflikten. Plakatbukk 8.5 saman med Tø. Målungdom.
Fråsegn om
ordtilfanget i nynorsk. Vi rår til å føgje Venås-nemnda.
Rekneskap:
Omsetning kr 5.650,60, undersk. Kr 72,60, eige kr 3.578,04
1983 Leiar Liv Ingebrigtsen -- 4 styremøte -2
medlemsøte. -- 1 årsmøte -- i tillegg mange møte
i
landsmøtenemnda - 57 medl.
Møtetema:
Nordnorsk litteratur og språk, Venås-nemnda si innstilling
21. -- 23.
okt 83 arr. Tø mållag seminar for oppattnying av Troms fylkesmållag, som
hadde lege
ned i 2 år. Narvik og Målselv mållag møtte i tillegg til Tø. Mållag
1984 Leiar Liv Ingebrigtsen -56 medl. --Hovudsak arr. av landsmøte i
NM
Litt av programmet på landsmøtet:
Hovudinnleiar Kjartan Fløgstad, Open kulturkveld
på Kulturhuset,
Motivdatostempel/eige brevhus,
Landsmøteavis, Olsokgudsteneste, Målseminar før
Landsmøtet, båt-/busstur for delt..
Landsmøtet blir enno omtala av deltakarane som eit
minneverdig landsmøte
1985 Leiar Erling Løkse.
Aktivitetar: Kjøpt inn nyn. Bøker/teikneseriar til nynorskklassane,
Annonseaksjonar
Saman
med F.mållaget, Møte m/ redaksjonen i Nordlys om nynosrk i avisa, Lars
Berg-minnesmerke Kulturhuset, Tromsø(samarb. m/ Tø. Målungdom) 23.11 Ope
møte
Om
språkbruken i NRK, 11.11 ope møte på Tromsdalen skole, der foreldra til elevar
i
nynorskklassaen
var innbedne, med tema:Barne- og ungdomslitteratur
1986
1987 Leiar Reidun Mellem -- 5
styremøte -- årsmøte 10 framm. Opent møte m/30 framm.
Med tema I.Stegane: Norskdomsrørsla i målarbeidet
1988 Leiar Reidun Mellem - 58 medl. -- Store planar etter årsmøtet
om 1 lagsmøte/mnd.,
men dette vart berre delvis gjennomført. Stiltevling i grunnskolen. Godt
arb. i styret
1989 Leiar Eirik Liland -- 9
styremøte -- 2 opne møte -- 56 medl.
Møtetema: Russisk krigsutstyr gjennom Skibotn-dalen (Samarb. Med
norsk/finsk
foreining) -- 20 framm. Ope møte m/Ragnar Hovland 50 framm.
Ei heil Ragnar Hovland-veke, der han vitja vg. skolar 4 t/d
Søknad om stønad til parallellklasse-arb. viser at Tromsdalen har
hatt nyn.kl.
sia
1975
1990 Leiar Aud Kirsti Pedersen --
8 styremøte -- 72 medl.
Arb.oppg.: Stilskrivingstevling i u.sk., parallell-klasse på Lunheim m/
neg.resultat,
Planar om nytt flygeblad til
skolemålsaksjonar. Haustsamling i Buvika m/ 29 framm.
Presentasjona av bokhausten m/ 9 pers. og 18 bøker. 40-50
delt.Lokalradioen hadde
timesprogram om
dette, og avisa "Tromsø" heilsideoppslag. Eige 14.600 kr
1991 Leiar Aud --Kirsti Pedersen - 9 styremøte -- 85 medl.
Aktivitetar: Haustutflukt
m/soppkurs -- Gratis nynorskkurs der 70 delt. møtte første
kvelden. I alt 5 skolar m/
nynorskklassar. Ny skolemålsbrosjyre utarbeidd.
Årsmøte for Nordnorsk
målungdom i Tromsø i mars.
Skolemålskonferanse for
Nordnorsk målungdom i okt. i
Tromsø. 2298 kr i underskott. Eige 6800 kr
1992 Leiar Wenche
Øvergaard - 8 styremøte -- 75 medl.
Aktivitetar:
Mykje arbeid med skolemålsbrosjyren. Styret klarte å skaffe pengar til
Trykking.
9581
overskott. Eige 14.084 kr
1993 Leiar Wenche
Øvergaard - 8 styremøte - 71 medl.
Aktivitetar: Ope møte om
radbrekkinga av boka "Vett og uvett" -- stor oppslutning
(ca. 60 menneske)
og mykje blest om saka. Kulturkveld 16.11 for foreldre og elevar i
nynorskklassane -(Påmeldt pr. 2.11.93 Skjelnan 1 kl, Bjerkaker 2 kl,
Tromsdalen
2
kl. tils. 90 pers berre frå Tr.dalen.. Kaldfjord,
Mortensnes og Skjelnan skolar
enno
ikkje svart).Tromsdalen 5 kl., Bjerkaker
1, Mortensnes 1, Skjelnan 1 og Kaldfjord (1kl.) skolar hadde då tils. 9
nyn.kl.. Frå allekontakta skolar, unnateke Kaldfjord kom delt. Over 140
menneske møtte, teaterkveld v/Hålogaland teater si Vett og uvett-framsyning.
Skolemålsbrosjyren prenta og betalt m/ymse tilskott.
5588 kr i underskott, 8495 kr i eige.
1994 Leiar Ola Melby
I tida frå årsmøte 23.04.94
fram til mars 1996 4 styremøte , men ingen aktivitet
utover mot medl. iflg. ¬‡
side 2-årsmelding(80 medl i 1995.)
Trass
i at ordførar Rian, Tromsø truga
med å foreslå at administrasjonsmålet i
Tromsø skulle endrast frå nøytralt til
bokmål, vart det ikkje liv i Tromsø-laget.
Fylkeslaget
sendte brev til ordf.,
og
saka vart" lagt på is".
Fylkesmållaget
skipa i høve 200-årsjubileet for Tromsø by 19.mars 1994 opent
møte i
Folkets hus med tema "Språkstrid i Tromsø og Troms på 1900-talet
Arbeiderpartiet
og språkpolitikken. R. Lockertsen hov.innlegg.. H Tjelmeland
kommentarar
med perspektiv nyare tid.
Til årsmøtet i TM 15.04.96
hadde alle spurde nekta å ta på seg leiarverv. På
møtet
sa Herolv Olsen og Bjørnar Østgård seg villige til å gå inn i styret..
Ved
seinare konstituering blei Bjørnar leiar
1995,1996, 1997, 1998, 1999 har eg ikkje funne
møtebøker for, men Bjørnar Østgård var
leiar -- M.a.årlig novelle/lyrikktevling i vg.
skole der "Nordlys" sponsa med
5000 kr til premiar
2000 Leiar Bjørnar
Østgård - 4 styremøte - 92 medl.
Arb.oppg.: Opent møte om
"Språkpolitikk og språkbruk i lokal-TV" Innleiarar frå
NRK og TV Tromsø, vel 30 framm.. Opent møte om "Nynorsk som sidemål":
Inn-
Leiar Oddmund Hoel, leiar i NM. Ikkje gj.ført lyrikktevling pga.
manglande jury.
Nynorskkurs som sidemål for lærarar laga og lyst ut , inga påmelding.
Underskott 1.982 kr.
2001 Leiar Bjørnar Østgård
-73 medl. -
Aktivitet: Bokkveld 19. des. TM fekk BUL til å arr. Garborg.kveld
11.11.2001.
Arb. m/vegnamn i Tromsø. Nynorsk aksjonsdag 12, mai(Brev til alle
barneskolane i Tromsø.). 70 noveller til novelletevlinga. Studiering
om
"Nynorsken mellom det lokale og globale
gjennomført m/ 4 kveldar.
Sammøte m/fylkesstyret om
medlemsskapsordn. Og arb.program i
NM
Rekneskapen
viser overskott 4138 kr.
2002
Leiar
Vigdis Tverberg
Fylkesmållaget tok initiativ via biskopen til markering av Elias
Blix-året. Stort Blix-seminar i Tromsø og
nyn.gudsteneste i Elverhøy-kjerka m/ delt. frå TM. Fylkesstyret la opp
til reiseskrivar-rute, og TM laga medl.møte med han i Tø. Novelletevling i
vg.sk. med premieutdeling 18.des.
2003
Leiar
Vigdis Tverberg - 87 (67 har betalt) medl. -- 6 styremøte
+ 2 arb.møte -- 2 medl.møte
Aktivitet: På medl.møtet innleidde reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig om
kva som fungerer i argumentasjonen for nynorsk, drøfting..
Novelletevlinga fekk berre
8 delt., utsett. Forsøk med nyn. lærebøker i
religion på Tromsdalen vg.sk. Nyn. gudsteneste i Elverhøy- kjerka
m/ delt frå TM(skriftlesing, kjerkekaffi)
Pga. tidnaud -- eg hadde berre 9 dagar til å gå
gjennom alt av arkivmateriale før eg måtte ha dette notatet ferdig til festmøtet
08.12.04 -- er ikkje desse notat kvalitetssikra eller kontrollerte.
Tromsø 09.12.04
Bjørnar Østgård